Norsk Kulturarv lanserer no for sjuande gong aksjonen «Rydd eit kulturminne». Barn og ungdom over heile landet blir inviterte til å gjere ein innsats.

 

Aksjonen kombinerer praktisk arbeid med kunnskap om kulturarven i nærmiljøet.

Skular og klassar, barnehagar, lag og foreiningar kan søkje om å vere med. Deltakarar kan rydde, gjere tilgjengeleg, skilte eller på annan måte ta vare på kulturminne eller kulturmiljø i nærområdet sitt. For innsatsen får kvar deltakargruppe eit stipend på 3.000 kroner.

«Rydd eit kulturminne 2013/14» blir gjennomført i samarbeid med Sparebankstiftelsen DnB NOR, Landbruks- og matdepartementet og Riksantikvaren. Søknadsfristen er 1. juni 2013 med gjennomføring og rapportering innan 1. mai 2014. (NPK)

 

 

 

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: