Den nye nettstaden Periskop skal sjå kritisk på barnekulturen som blir produsert. 

– Meldingar og anna dekning av profesjonell kunst for barn og unge blir mindre prioritert enn kunstuttrykk for vaksne, seier Ingvild Bræin, tidligare litteraturansvarleg i Bergens Tidende, bokmeldar i Klassekampen, og nytilsett redaktør for nettidsskriftet «Periskop» til Dagsavisen. 

Ho meiner kunst og litteratur for barn og unge blir tatt mindre seriøst enn det som blir laga for vaksne og meiner det er ein negativ trend i kunstmiljøet. 

– Eg trur ikkje det er så kategorisk. Sjølvsagt er ein på ulike utviklingsnivå, men ein kan fort ekskludere kvarandre som gruppe dersom ein  set opp eit markant skilje. Eg trur det er noko der for alle, uavhengig av alder, seier ho.

Nettstaden Periskop er eit samarbeid mellom Scenekunst.no, Ballade.no, Kunstkritikk.no og Barnebokkritikk.no, og er finansiert av midler frå Norsk kulturråd. Planen er at nettstaden skal opne i løpet av juni. 

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: