Kreativiteten i den digitale litteraturformidlinga blømer i desse koronatider!
mm

Her har me samla fleire tips til digital formidling av nynorsk litteratur:

1. Her er dei beste barne- og ungdomsbøkene på nynorsk: Som ein del av bokåret 2019 har Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtida junior kåra dei beste nynorske barne- og ungdomsbøkene etter år 2000 innanfor kategoriane bildebøker, barnebøker, ungdomsbøker og faktabøker. Tips gjerne lånarane dykkar om desse gjennom sosiale media!

Sjå alle bøkene samla i denne katalogen:

 

2. Få siste bokmeldingar og litteraturnytt på nynorsk på nettsidene dine: Mange bibliotek har skaffa seg ein RSS-feed med dei siste bokmeldingane til Framtida.no på nettsidene sine. Feeden finn du her: http://framtida.no/tagsimages/bokmelding/feed

Du kan òg kopiera inn ein iframe på nettsidene dine med siste litteraturnytt frå Framtida.no og siste boknytt frå Framtidajunior.no. Storleiken kan du bestemma heilt sjølv. Ta gjerne kontakt med svein @ framtida.no viss du treng hjelp!

4. Nynorskbok.no har mange bokmeldingar og bokomtalar av nynorske bøker for barn og unge. Her er bøkene sortert etter kva alder dei er tilrådde for.

5. Aleine saman: Nynorsk kultursentrum har tatt initiativ til å produsera ny kunst og kunnskap om koronatida. På nynorsk.no ligg det no fleire litterære bidrag på nynorsk ute og fleire skal det bli.

6. Samlaget har fått mange av forfattarane sine til koma med boktips på bloggen deira. Her det mange gode tips å dela vidare. På Facebook-sida Nynorske barnebøker deler Samlaget òg mange tips.

7. #Nettlest er ein ny digital formidlingsserie frå Haugesund folkebibliotek. I samarbeid med den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu satsar dei no på ein serie med nynorske forfattarar som les. Kanskje noko å bli inspirert av?

Jon Fosse las frå omsetjinga si av Forvandlinga av Franz Kafka saman med elevar ved Stord vidaregåande skule.

8. Ønskereprise: Sjå Jon Fosse i Grotten lesa Franz Kafka i lag med ungdom på Stord og frivillige i Jostedalen – minutt for minutt. Digital høgtlesing kan gjerne gjerast saman med andre. Kanskje finn du på eit nytt prosjekt?

9. Forfattaren Anders Totland formidlar frå fleire av faktabøkene sine for barn gjennom satsinga Faktisk frukost. Kanskje noko du har lyst til å dela?

10. Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Tid for ti er ein antologi med tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk. Tid for ti er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar.

11. Førde bibliotek i Sunnfjord har laga til si første digitale lesestund for dei minste. Her finn du videoen!

Tips oss gjerne om spennande digitale formidlingsprosjekt som biblioteket ditt held på med! Framtida.no, Framtidajunior.no og Pirion er gjerne med på å samarbeida om gode prosjekt! Til saman når desse tilboda ut til godt over 100.000 brukarar kvar månad.

Oppdatert: fredag 3. april 2020 12.24