I dag vart statsbudsjettet for 2023 lagt fram og Foreningen !les er ein av budsjettvinnarane med ein auke på éin million kroner.
mm

– Dette er ei fantastisk nyheit for oss, lesarane og litteraturen, seier dagleg leiar i Foreningen !les, Vibeke Røgler i ei pressemelding. Ein time før statsbudsjettet vart lagt fram, vart ho oppringt av statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet, Odin Adelsten Aunan Bohmann:

– Vi er så glade og takksame over at regjeringa anerkjenner det viktige arbeidet vi gjer, og gir oss eit økonomisk løft. Dette er starten på ei varsla satsing på leselyst, fortset ho.

Styrkar litteraturfeltet

Foreningen !les har gjennom 25 år arbeidd for å skapa engasjement for lesing og interesse for litteratur. Kompetansen som foreininga har opparbeidd seg skal vera synleg i den kommande leselyststrategien frå regjeringa.

– Vi har over tid utvikla organisasjonen og har mykje kunnskap om å fremma lesing og skapa leselyst blant ulike målgrupper. Vi er klare til å bidra i den nye leselyststrategien og ser fram til vidare samarbeid med andre organisasjonar og myndane, seier Røgler.

I ei videohelsing frå kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen, seier statsråden at regjeringa ønsker å sikra norsk språk og styrka litteraturformidlinga. Det er ein av grunnane til at ein ny leselyststrategi er på trappene og at Foreningen !les i statsbudsjettet for 2023 får ein auke på ein million kroner.

Vil auka tilskot til litteratur og leselysttiltak

Regjeringa foreslår å auka tilskot til litteratur- og leselysttiltak, og har som mål snu den negative trenden på lese- og litteraturfeltet.

– Å lesa gjer oss ikkje berre rikare som menneske, det gir oss òg kunnskap og innsikt. Lesing og litteratur er viktig for demokratiet vårt, derfor tar vi grep for å styrka feltet, seier kultur- og likestillingsministeren.

Lik Framtida.no på Facebook: