Visste du at ramnen kan flest ord av alle fuglane i skogen? Og at trea kommuniserer ved hjelp av lukt? Og korleis snakkar eigentleg mauren?
mm

Vi roper i skogen er ei faktabok som handlar om det heilt motsette av skogens ro, nemleg skogens mange lydar. Her får vi lære meir om dei ulike språka som finst der inne blant trea. For korleis snakkar dei eigentleg saman, alle dei som bur i skogen?

Trude Tjensvold har laga ei gjennomillustrert sakprosabok for dei aller yngste lesarane, og for dei som er glade i naturen rundt oss.

Trude Tjensvold (f.1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. Ho har gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og ein grafisk roman for ungdom.

Forfattaren presenterer boka under Norsk sakprosafestival fredag 13. oktober.

Oppdatert: onsdag 11. oktober 2023 08.32