Barnesida til Nynorsk kultursentrum opplever stor interesse for songboka si på nett.
mm

Mellom songane som no er lagt ut er songar av Lars Mæhle og Beate S. Lech som vart bestilt til ein familiekonsert på Dei nynorske festspela då Lars Mæhle var festspeldiktar.

Gaute Øvereng
Gaute Øvereng er administrasjonssjef ved Nynorsk kultursentrum. Foto: Sunniva Lund Osdal

– Dei songane som har kome inn i songboka no nyleg er songar vi har hatt liggande som vi har bestilt til ulike formål med tanke på å bruke i songboka seinare, fortel Gaute Øvereng, administrasjonssef i Nynorsk kultursentrum.

Mellom anna er det ein song om å gå på tur av Hilde Myklebust og Siril Malmedal Hauge som vart brukte på Festspela i fjor.

– Her er faktisk også songar som har lege på vent frå ein songkonkurranse vi hadde for lenge sidan. Fellesnemnaren er hovudsakleg at dei er skrivne for barn, og vi håpar at det er tekstar og melodiar som barna kan kjenne seg igjen i, i den kvardagen dei har no, seier Øvereng til Pirion.

Ein av songane blei bestilt då samfunnet stoppa opp no i vår, og handlar om akkurat den situasjonen vi er i no. Lars Mæhle har skrive ein tekst med håp i om at dette vil gå over, «Tida vil ta deg dit».

Håpar på meir song i skulen

– Vi håpar jo først og fremst at songane skal bli brukte til å syngje sjølv, og ikkje berre bli lytta til. Det er viktig å få brukt språket sitt på mange område, og vi håpar at fleire songar på nynorsk fører til at fleire kjenner det naturleg å bruke nynorsk også i andre samanhengar.

– Kva veit du om bruken av songane?

– Hovudmålgruppa er skular og barnehagar, og bruksdata viser også tydelege indikasjonar på at songboka er mest brukt i skuletida. Den er mest brukt i dei tre vestlandsfylka, men om vi bryt ned på kommunar, er Oslo størst. Vi får stadig tilbakemeldingar frå lærarar om at dei brukar songane i undervisninga og at dei set veldig pris på tiltaket.

LES OGSÅ: Høyr Ørsta-born syngje ut for Ivar Aasen!

Frå Songboka på Tunkatten.no.

Viktig å høyra og syngje nynorsk ilag

Gaute Øvereng understrekar at det er viktig at ungar høyrer og får bruke sitt eige skrivne språk i bruk på fleire måtar, at det ikkje berre er noko dei møter i skrift.

– Difor har vi også lagt vekt på at det skal vere lett å syngje med, og legg ved både notar og instrumentalfiler av songane slik at ein kan syngje sjølv også.

– Songen er eit kulturuttrykk som kan appelere både til kjenslene og intellektet, og difor trur eg det spelar ein ekstra stor rolle at ein også får fleire høve til å syngje på det språket ein også brukar i skrift. Dei første nynorske salmane var ein veldig viktig kulturbærar for å syngje nynorsken inn i hjarta til folk, og eg trur songen framleis kan fungere slik.

– Mange engasjerte lærarar

Det har vore skrive mykje om song i skulen på Pirion og andre stader dei siste åra, etter at regjeringa tok vekk song frå den generelle del av læreplanen. Øvereng synest det er synd, men understrekar at dei mange engasjerte lærarane finst.

– Det blir gjort mykje bra for å fremje song i skulen.

Gaute Øvereng understrekar at det er viktig å syngje i lag.

– Det kan vere med på å lage ei heilt spesiell samkjensle. Forsking viser mellom anna at det er helsefremjande å syngje i kor.

LES OGSÅ: Snur etter massiv kritikk – vil halda på song i skulen

Oppdatert: fredag 24. april 2020 14.48