Musikk og dans er viktige aktivitetar i kvardagen til born. For å tilfredsstille kreativiteten til born, er det viktig med inspirerte vaksne med kunnskap om korleis ein leikar med musikk og dans i kvardagen. Målet med denne kurspakka er å auke bruken av dei lokale musikk- og dansetradisjonane i nynorskkommunane i Noreg.
Gjennom arbeid med denne kurspakka får barnehagepersonalet:
- Auka kunnskap om folkemusikk og dans
- Tilgang på songar og leikar på nynorsk
- Erfaring med å leie og lære bort musikk- og danseaktivitetar
Med denne kurspakka håper vi at de finn nye songar de kan bruke i barnehagen, og finn inspirasjon i nytt og lokalt materiale.
ØKT 1: Intro – og lær nye songar
ØKT 2: Lær fleire nye songar
ØKT 3: Song i kvardagen i barnehagen
Pirionkurset er støtta av Utdanningsdirektoratet, og er også laga som ein del av Kulturbarnprosjektet til Sunnfjord kulturskule, støtta av Kulturtanken.
Sjå alle dei digitale Pirionkursa her!