I denne økta skal vi sjå nærare på korleis vi kan bruke nye, gode barnebøker som utgangspunkt både for leseglede og språkstimulering på nynorsk.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen

Sjå gjerne første økta i kursrekkja her!

Ta med:

Jubileumsboka om Frosken eller Frosken er redd og Den forelska frosken – alle av Max Velthuijs

1. Førelesing med lyd: (15 minutt):

Slå fylgje med Frosken: Om litterær kvalitet, dialogisk lesing og litterær samtale. Trykk her for å lasta ned Powerpoint-presentasjonen med lyd!

Skodespelar Reidun Melvær Berge ved Teater Vestland deler tips til høgtlesing. Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as / Teater Vestland

2. Intervju (10 minutt):

Finn stemmene først: Les intervjuet med Reidun Melvær Berge, stilt kvar for dykk.

3. Bla i bøkene (15 minutt):

Gå saman i grupper på tre eller fire, og vel ei av bøkene om frosken. Sjå etter gode ord, nyansar i språket, ulike tempo, stadar å ta pause, ord å legge vekt på. Prøv dykk fram: Korleis vil de lese replikkane?

Materiell til utdeling (5 minutt):

Pedagogisk opplegg for høgtlesing av «Frosken er redd» og «Frosken er forelska» vert delt ut til alle i personalet. Les gjennom og vurder kva for spørsmål og arbeidsmåtar som kan vere nyttige innspel på di avdeling.

Opplegget finst og i heftet Kulturbarn 0-8. Heftet kan tingast frå Sunnfjord kulturskule, om ein ynskjer det i trykt versjon.

Pirionkurset er støtta av Utdanningsdirektoratet, og er også laga som ein del av Kulturbarnprosjektet til Sunnfjord kulturskule, støtta av Kulturtanken.

Oppdatert: måndag 24. januar 2022 14.35

Lik Framtida.no på Facebook: