Målet med denne kurspakka er å auke bruken av dei lokale musikk- og dansetradisjonane i nynorskkommunane i Noreg.
Ole Nilssen
Ole Nilssen

Musikk og dans er viktige aktivitetar i kvardagen til born. For å tilfredsstille kreativiteten til born, er det viktig med inspirerte vaksne med kunnskap om korleis ein leikar med musikk og dans i kvardagen. Målet med denne kurspakka er å auke bruken av dei lokale musikk- og dansetradisjonane i nynorskkommunane i Noreg.

Gjennom arbeid med denne kurspakka får barnehagepersonalet:

  • Auka kunnskap om folkemusikk og dans
  • Tilgang på songar og leikar på nynorsk
  • Erfaring med å leie og lære bort musikk- og danseaktivitetar

Med denne kurspakka håper vi at de finn nye songar de kan bruke i barnehagen, og finn inspirasjon i nytt og lokalt materiale.

ØKT 1: Intro – og lær nye songar

ØKT 2: Lær fleire nye songar

ØKT 3: Song i kvardagen i barnehagen

Pirionkurset er støtta av Utdanningsdirektoratet, og er også laga som ein del av Kulturbarnprosjektet til Sunnfjord kulturskule, støtta av Kulturtanken.

Sjå alle dei digitale Pirionkursa her!

Oppdatert: måndag 18. oktober 2021 10.34

Lik Framtida.no på Facebook: